På Steinhovden skule skal elevane vere med på å skrive og illustrere ei bok med artige skulehistorier frå bygdene ved og i nærleiken av Høydalsfjorden.
Slik kan elevane fordjupe seg i kva som har skjedd i nærmiljøet sitt opp gjennom tidene, samtidig som dei får inngåande kunnskap om kva som skal til for å skrive ei bok. Vi andre får gleda av dei gode historiene, og det at dei no kan bli tekne vare på for framtida.