Skule i Nyttingnes anno 1927

 

Steffå frå Skorpa
Steffå på Skorpa og butikken hans. Teikning: Mia Sofi, 2. klasse

Magnhild Vassbotn bur no på Steinvik, og ho har fortalt korleis det var å gå på skulen då ho var lita. Ho vaks opp på Nyttingneset og begynte på skulen i 1927, altså for 89 år sidan.

Den gongen var det skule i 14 dagar og fri i 14 dagar, og det var skule i eit privathus der det bur folk den dag i dag. Lærarinna vår kom frå Brandsøy, og var ein dyktig lærar. Ho kunne bibelsoga godt, og alle elevane hennar vart flinke til å rekne. Dessutan passa lærarinna godt på oss borna. «De må aldri gå på kaia når det kjem båtar», sa ho, og vi var lydige og gjorde som ho sa.

Kvar vår kom presten på besøk til skulen. Vi pugga det vi trudde han ville spørje om frå bibelsoga og forklaringa. Presten var ikkje berre interessert i kristendom, men ba oss også kome fram på tavla for å løyse reknestykker. Ein gong spurde presten: «Kan nokon seie meg kva tid Jesus var fødd»? Då vart alle elevane stille og det var lærarinna som måtte svare på spørsmålet.

Lærarinna tok oss ofte med på turar, og ein gong var eg så heldig at eg fekk vere kjentmann. Vi borna gjekk i skogen kvar kveld og morgon for å mjølke kyrne, så vi var saktens godt kjende. Ein vår reiste vi på skuletur til Skorpa, ein holme som ligg rett utanfor Nyttingneset. Der var det både gjestgiveri og butikk i gamle dagar, og der budde handelsmannen Steffå som hadde ein vest av oterskinn med sylvknappar på. Vi grov i bakken der forretninga stod og fann grua, ja det var utruleg interessant. Eg hugsar huset han hadde varer i, og den dag i dag kan ein sjå plassen der huset stod.

-Miriam Svortevik-

 

 

 

 

 

Kommenter innlegget