Skammekroken og Per i grana

For ein generasjon eller to sidan var det ein heilt annan disiplin i skulen enn i dag, og det var ikkje uvanleg at elevane fekk straff om dei gjorde noko gale. Slik var det også på Steinhovden skule, og Arne Steinhovden hugsar at ulydige elevar måtte stå i skammekroken nede ved omnen. Der måtte dei stå og løfte ei tung vedskie over hovudet og straffa vart utmålt i minuttar alt etter kva gale eleven hadde gjort.

Peder Hødal var likevel ein snill og rettferdig lærar som elevane hadde stor respekt for. Om morgonen stod borna på geledd ute i uversskuret medan dei venta på at Hødal skulle kome på skulen. Men eit år kom det ein kar frå Austlandet som skulle bu hos lærarfamilien og dessutan gå på skule i Steinhovden. Per heitte guten, og han var ein  villstyring av dei sjeldne. Ein dag klatra han opp i den store grana som stod ved sidan av gamleskulen.  Der vart han sitjande som ei skjor i toppen av treet medan han heldt ap og moro med læraren. Hødal trua med ulike straffemetodar, men Per nekta plent å kome ned att av grana. Til slutt måtte læraren ta med seg dei andre elevane og gå inn att i klasserommet for å starte undervisninga.  Etter ein halvtimes tid dukka Per opp i døra og slentra roleg fram til kateteret. ”Kvar vart det av den straffa eg skulle få”, sa han til læraren. Vi andre var heilt forskrekka, for slikt torde vi aldri seie til ein vaksen. Om Per måtte i skammekroken som straff for denne episoden, seier historia likevel ingenting om.

Av småskulesteget ved Steinhovden skule

Fortalt av Arne Steinhovden på forteljarkveld 25.februar 2016

Kommenter innlegget